Dommarane 15:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid seinare, ein dag i kveiteskurden, kom Samson og ville sjå om kona si. Han hadde med seg eit kje. «Lat meg få koma inn i rommet til kona mi!» sa han. Men far hennar ville ikkje gje han lov til det.

2. Han sa: «Eg tenkte så visst at du ikkje lika henne meir, og så gav eg henne til bruresveinen din. Kan du ikkje ta veslesyster hennar i staden? Ho er då mykje vakrare.»

3. Då sa Samson: «Denne gongen er eg fri for skuld om eg gjer filistrane noko vondt.»

4. Så gjekk Samson av stad og fanga tre hundre revar. Han fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar.

5. Så tende han faklane og sleppte revane inn på åkrane til filistrane. Slik brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, ja, til og med vinmarker og olivenhagar.

6. Filistrane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, svigersonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi svigerfaren tok kona hans og gav til bruresveinen.» Så drog filistrane opp og brende inne både kona og far hennar.

7. Då sa Samson til dei: «Er det slik de gjer, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemna meg på dykk.»

Dommarane 15