Dommarane 13:4-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Pass difor på at du ikkje drikk vin eller sterk drikk og ikkje et noko ureint!

5. For sjå, du skal bli med barn og føda ein son. Det må aldri koma rakekniv på hovudet hans, for guten skal vera ein Guds nasirear alt frå mors liv, og med han skal berginga av Israel frå filistrane ta til.»

6. Kvinna gjekk til mannen sin og sa: «Det kom ein gudsmann til meg. Han var å sjå til som Guds engel og fylte meg med redsle. Eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sa han meg namnet sitt.

7. Han sa til meg: Du skal bli med barn og få ein son. Drikk no ikkje vin eller sterk drikk og et ikkje noko ureint! For guten skal vera ein Guds nasirear frå mors liv og til sin døyande dag.»

Dommarane 13