7. Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»
8. Dei eldste frå Gilead svara Jefta: «Det er då difor vi vender oss til deg att. Går du med oss og kjempar mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»
9. Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Om de tek meg med heim for å kjempa mot ammonittane og Herren gjev dei i mi makt, skal eg vera hovdingen dykkar.»
10. Dei eldste i Gilead svara: «Herren skal vera vitne mellom oss om vi ikkje gjer som du seier.»
11. Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead, og folket gjorde han til hovding og hærførar. Framfor Herren i Mispa tok Jefta opp att alt han hadde sagt.
12. Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uoppgjort med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»