Dommarane 11:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Ei tid etter gjekk ammonittane til krig mot Israel.

5. Då ammonittane gjekk til åtak på israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.

6. Dei sa til Jefta: «Kom og ver hærføraren vår, så vil vi kjempa mot ammonittane.»

7. Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»

8. Dei eldste frå Gilead svara Jefta: «Det er då difor vi vender oss til deg att. Går du med oss og kjempar mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»

9. Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Om de tek meg med heim for å kjempa mot ammonittane og Herren gjev dei i mi makt, skal eg vera hovdingen dykkar.»

10. Dei eldste i Gilead svara: «Herren skal vera vitne mellom oss om vi ikkje gjer som du seier.»

11. Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead, og folket gjorde han til hovding og hærførar. Framfor Herren i Mispa tok Jefta opp att alt han hadde sagt.

Dommarane 11