Daniel 6:2-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Dareios valde å setja 120 satrapar over kongeriket, plasserte rundt i heile riket.

3. Over dei sette han tre ministrar, og Daniel var ein av dei. Satrapane skulle gjera rekneskap for dei, så kongen ikkje skulle lida noko tap.

4. Daniel merkte seg ut framfor dei andre ministrane og satrapane, for det var ei makelaus ånd i han. Og kongen tenkte på å setja han over heile riket.

5. Då prøvde ministrane og satrapane å finna noko å klaga Daniel for i embetsførsla hans. Men dei greidde ikkje finna nokon grunn til å klaga på han eller noko gale å seia om han. For han var påliteleg, og dei fann korkje forsøming eller feil hos han.

6. Då sa dei: «Vi har ikkje noko å klaga denne Daniel for, om vi då ikkje finn noko hos han når det gjeld religionen hans.»

7. No storma ministrane og satrapane inn til kongen og sa til han: «Lenge leve kong Dareios!

8. Alle ministrane, guvernørane, satrapane, rådsherrane og statthaldarane har halde råd og vorte samde om at kongen bør senda ut ei forordning med eit strengt påbod om at kvar den som i tretti dagar bed ei bøn til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, skal kastast i løvehòla.

9. Gjev no eit slikt påbod, konge, og set opp eit skriv som ikkje kan kallast tilbake, etter medisk eller persisk lov som ikkje kan endrast.»

10. I samsvar med dette sette Dareios opp eit skriv med eit slikt påbod.

11. Så snart Daniel fekk vita at skrivet var sett opp, gjekk han inn i huset sitt. I takkammeret hadde han opne vindauge som vende mot Jerusalem. Der fall han tre gonger om dagen på kne for sin Gud med bøn og lovprising, for slik hadde han alltid gjort.

12. Då storma mennene inn og fann Daniel medan han bad til sin Gud og kalla på han.

13. Så gjekk dei fram for kongen og sa: «Konge, har du ikkje sendt ut påbod om at kvar den som i tretti dagar bed til nokon annan enn deg, konge, anten det er til ein gud eller eit menneske, han skal kastast i løvehòla?» Kongen svara: «Jau, det står fast etter medisk og persisk lov som ikkje kan endrast.»

Daniel 6