Daniel 4:17-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Dette har vaktarane vedteke i sitt råd,dette har dei heilage avgjort med sitt ord.Slik skal alle som lever, skjøna at Den høgste rår over riket mellom menneska. Han gjev det til kven han vil, og den lågaste av alle menneske kan han setja over det.

18. Dette var draumen som eg, kong Nebukadnesar, hadde. Gjev meg tydinga, du Beltsasar! For ingen vismann i riket mitt kan det. Men du kan, for dei heilage gudars ånd er i deg.»

19. Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar, stod ei stund forfærd; tankane hans skremde han. Då sa kongen: «Beltsasar, lat ikkje draumen og tydinga skremma deg.» Beltsasar svara: «Herre, gjev draumen måtte gjelda fiendane dine og tydinga motstandarane dine!

20. Treet du såg, var stort og sterkt. Toppen nådde til himmelen, og treet var synleg over heile jorda.

21. Lauvet var vakkert og frukta rik, det gav føde til alle. Dyra på marka heldt til under det, og fuglane under himmelen hadde reir i greinene.

22. Dette treet er du sjølv, konge, stor og mektig som du er. Makta di har vakse, ho når heilt til himmelen og herredømet ditt til enden av jorda.

23. Konge, du såg at ein heilag vaktar kom ned frå himmelen og sa:Hogg treet ned og øydelegg det!Lat berre rotstubben stå att i jorda,i graset på marka,men bunden med lenkjer av jern og bronse.Han skal vætast med dogg frå himmelenog leva som dyra på markatil sju tider har fare fram over han.

Daniel 4