1. «Kong Nebukadnesar til alle folk og nasjonar og tungemål som bur over heile jorda: Rikeleg fred!
2. Lat meg få kunngjera dei teikn og under som Gud, Den høgste, har gjort mot meg.
3. Kor store er hans teikn,kor veldige hans under!Hans kongerike er eit evig rike,hans velde varer frå slekt til slekt.
4. Eg, Nebukadnesar, levde sorglaust i huset mitt og sat sunn og frisk i slottet mitt.
5. Då hadde eg ein draum som gjorde meg redd. Dei tankane eg fekk og syna eg hadde i hovudet medan eg låg i senga, skremde meg.
6. Eg gav påbod om at alle vismennene i Babel skulle førast fram for meg og gje meg tydinga av draumen.