Daniel 2:31-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Konge, i synet såg du ein kolossal statue. Han var stor og stråla sterkt. Han stod beint framfor deg og såg skremmeleg ut.

32. Hovudet på statuen var av fint gull, brystet og armane av sølv, magen og hoftene av bronse.

33. Beina var av jern og føtene dels av jern, dels av leire.

34. Medan du såg på, vart ein stein riven laus, men utan at noka hand rørte ved han, og han råka statuen på føtene som var av jern og leire, og krasa dei.

35. Då gjekk det sund alt saman, både jernet og leira, bronsen, sølvet og gullet. Det vart som agner frå treskjevollen om sommaren. Vinden tok det, og det fanst ikkje meir. Men steinen som hadde råka statuen, vart til eit stort fjell som fylte heile jorda.

36. Det var draumen, og no skal vi fortelja kongen tydinga.

37. Konge, du konge over kongane, som Gud i himmelen har gjeve kongedøme, makt og styrke og ære!

38. Menneska, kvar dei så bur, dyra på marka og fuglane under himmelen, alle har han gjeve i di hand, og han har sett deg til herskar over dei. Du er hovudet av gull.

39. Men etter deg skal det koma eit anna kongerike, ringare enn ditt, og så eit tredje rike, av bronse, som skal råda over heile jorda.

40. Det fjerde riket skal vera sterkt som jern. Som jernet knuser og knasar alt, skal det knusa og slå sund alle dei andre, lik jern som slår sund.

Daniel 2