24. Så gjekk Daniel til Arjok, som kongen hadde gjeve påbod om å gjera ende på vismennene i Babel. Han sa til han: «Gjer ikkje ende på vismennene i Babel! Før meg fram for kongen, så skal eg seia kongen tydinga.»
25. Då skunda Arjok seg og førte Daniel fram for kongen og sa til han: «Mellom dei jødane som er her i eksil, har eg funne ein mann som kan seia kongen tydinga.»
26. Kongen tok til orde og spurde Daniel, som hadde fått namnet Beltsasar: «Kan du fortelja meg både draumen eg har sett, og tydinga?»
27. Daniel tok til orde og svara kongen: «Mysteriet som kongen spør om, kan ingen vismann eller åndemanar, draumetydar eller teikntydar gjera kjent for kongen.
28. Men det er ein Gud i himmelen som openberrar mysterium. Han har gjort kjent for kong Nebukadnesar kva som skal henda i dei siste dagar. Dette er draumen og dei syn du hadde i hovudet medan du låg i senga.
29. Då du låg i senga, konge, steig det tankar opp i deg om det som skal henda i framtida. Han som openberrar mysterium, gjorde kjent for deg det som skal henda.