Daniel 2:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det andre året Nebukadnesar var konge, hadde han draumar som gjorde han uroleg til sinns så han ikkje fekk sova.

2. Då sa kongen at draumetydarane, åndemanarane, trollmennene og stjernetydarane skulle kallast inn for å fortelja han kva han hadde drøymt. Dei kom og steig fram for kongen.

3. Han sa til dei: «Eg har hatt ein draum. Eg er uroleg til sinns og ønskjer å forstå draumen.»

4. Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Lenge leve kongen! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»

5. Då sa kongen til stjernetydarane: «Dette er mi faste avgjerd: Dersom de ikkje fortel meg både draumen og tydinga, skal de hoggast i bitar, og husa dykkar skal leggjast i grus.

6. Men dersom de fortel meg både draumen og tydinga, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og tydinga!»

7. Då svara dei andre gongen: «Berre kongen no fortel tenarane sine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»

Daniel 2