Daniel 10:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Kroppen hans var som krysolitt, andletet som glimtet av eit lyn, auga som logar av eld, og armane og føtene var som skinande bronse. Når han tala, lydde røysta som bruset av ei folkemengd.

7. Eg, Daniel, var den einaste som såg synet. Dei mennene som var med meg, såg det ikkje. Likevel vart dei så forskrekka at dei sprang og gøymde seg.

8. Så var eg att åleine. Og då eg såg dette store synet, svann kreftene, eg skifte farge og vart likbleik. Til slutt var all mi kraft borte.

9. Eg høyrde lyden av orda hans, og då eg høyrde lyden, fall eg i uvit med andletet mot jorda.

10. Då rørte ei hand meg, riste i meg og fekk meg opp på hender og kne.

Daniel 10