Daniel 10:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det tredje styringsåret til persarkongen Kyros vart eit ord openberra for Daniel, som dei kalla Beltsasar. Ordet var sant og handla om ein hard strid. Han merka seg ordet så han forstod synet.

2. På den tida hadde eg, Daniel, vore i sorg i tre veker.

3. Fine retter åt eg ikkje, kjøt og vin kom ikkje over leppene mine, og eg salva meg ikkje før dei tre vekene var omme.

4. Den tjuefjerde dagen i den første månaden stod eg ved bredda av Storelva, det er Tigris.

Daniel 10