1. I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen.
2. Herren gav Juda-kongen Jojakim over i hans hender, og like eins noko av utstyret i Guds hus. Nebukadnesar tok det med til Sinear-landet, til huset til sin gud. Han sette tempelutstyret i skattkammeret til sin gud.
3. Kongen sa til Aspenas, hoffsjefen, at han skulle henta nokre israelittar frå kongsætta og frå dei fremste familiane,
4. unge gutar utan feil på kroppen og vakre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å gjera teneste i kongens slott. Dei skulle han læra opp i skriftene og språket til kaldearane.
5. Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta maten og drikka vinen frå kongens bord. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gå i teneste for kongen.
6. Mellom dei var jødane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja.