42. Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka: Bar de fram for meg slaktoffer og gåver dei førti åra i ørkenen, Israels hus?
43. Nei, de bar med dykk teltet til Molok og stjerna til Refan, guden dykkar, bileta som de laga og tilbad. Men eg vil flytta dykk bortanfor Babylon.
44. I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet, det som Moses skulle laga etter det førebiletet han fekk sjå, slik han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om.
45. Fedrane våre fekk det i arv, og under Josva tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Slik var det heilt til Davids dagar.
46. Han fann nåde hos Gud og bad om å få sørgja for ein bustad til Jakobs hus.
47. Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud.
48. Likevel bur ikkje Den høgste i noko som er bygd av menneskehand. For såleis talar profeten:
49. Himmelen er mi trone, og jorda er min fotskammel. Kva slag hus kan de byggja for meg, seier Herren, eller kvar er staden der eg kan kvila?
50. Er det ikkje mi hand som har skapt alt dette?
51. Stivnakka er de, og uomskorne på hjarte og øyre! Alltid står de Den heilage ande imot, de som fedrane dykkar.
52. Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfølgde? Dei drap dei som på førehand forkynte at Den rettferdige skulle koma. Og han har de no svike og slege i hel,
53. de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.»
54. Då dei høyrde dette, vart dei rasande og skar tenner mot han.
55. Men fylt av Den heilage ande vende Stefanus auga mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand.