Apostelgjerningane 7:22-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han var full av kraft både i ord og i gjerning.

23. Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med landsmennene sine, Israelsfolket.

24. Og då han såg ein som leid urett, kom han mannen til hjelp. Han slo egyptaren i hel, så den mishandla fekk retten sin.

25. Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei, men dei skjøna det ikkje.

26. Dagen etter kom han over to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: ‘De er då brør! Kvifor gjer de urett mot kvarandre?’

27. Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar over oss?

28. Tenkjer du å drepa meg, slik du drap egyptaren i går?’

29. Desse orda fekk Moses til å rømma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.

30. Då førti år var gått, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerbusk.

31. Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare for å sjå etter, lydde Herrens røyst:

32. ‘Eg er dine fedrars Gud, Abraham og Isak og Jakobs Gud.’ Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp.

33. Då sa Herren til han: ‘Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.

34. Eg har sett korleis folket mitt blir plaga i Egypt og har høyrt korleis dei klagar. Eg har stige ned for å fria dei ut. Gå no! Eg sender deg til Egypt.’

35. Det var denne Moses dei ikkje ville vita av då dei sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar?’ – og det var han Gud sende til leiar og bergingsmann, med hjelp av engelen som synte seg for han i klungerbusken.

36. Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år.

37. Han var det som sa til israelittane: ‘Gud skal la det stå fram ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.’

38. Då folket var samla i øydemarka, var det òg han som var saman både med fedrane våre og med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet. Moses tok imot levande ord som han skulle gje oss.

39. Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg, og i sitt hjarte vende dei attende til Egypt,

40. og dei sa til Aron: ‘Lag gudar til oss som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses som førte oss ut frå Egypt.’

Apostelgjerningane 7