Apostelgjerningane 7:10-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. og berga han ut av all naud. Han gav han visdom og lét han vinna godvilje hos farao, egyptarkongen, og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.

11. Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat.

12. Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit første gongen.

13. Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.

14. Då sende Josef bod og kalla til seg Jakob, far sin, og heile ætta – syttifem personar.

15. Så reiste Jakob ned til Egypt, og der enda han sine dagar, både han og fedrane våre.

16. Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt for sølv av sønene til Hamor i Sikem.

17. Etter kvart som det leid fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, voks folket og vart talrikt i Egypt.

18. Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef.

19. Han fór fram med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp.

20. På den tida vart Moses fødd. Han var eit vakkert barn i Guds auge. I tre månader vart han fostra i huset til far sin.

21. Så vart han sett ut. Men dotter til farao tok han opp og fostra han som sin eigen son.

22. Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han var full av kraft både i ord og i gjerning.

23. Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med landsmennene sine, Israelsfolket.

24. Og då han såg ein som leid urett, kom han mannen til hjelp. Han slo egyptaren i hel, så den mishandla fekk retten sin.

25. Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei, men dei skjøna det ikkje.

26. Dagen etter kom han over to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: ‘De er då brør! Kvifor gjer de urett mot kvarandre?’

27. Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: ‘Kven har sett deg til leiar og dommar over oss?

28. Tenkjer du å drepa meg, slik du drap egyptaren i går?’

29. Desse orda fekk Moses til å rømma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.

Apostelgjerningane 7