Apostelgjerningane 7:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Øvstepresten spurde: «Er det sant, dette?»

2. Stefanus svara:«Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han var i Mesopotamia, før han slo seg ned i Harran,

3. og sa til han: ‘Dra bort frå landet ditt og frå slekta di til det landet som eg skal syna deg!’

4. Då drog han frå Kaldearlandet og busette seg i Harran, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet der de no bur.

5. Gud gav han ikkje noka jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova å gje han og ætta hans landet i eige, endå han ikkje hadde born.

6. Og Gud sa til han at ætta hans skulle bu som innflyttarar i eit framandt land, der dei skulle vera slavar og bli plaga i fire hundre år.

7. ‘Men det folket dei skal vera slavar for, vil eg dømma’, sa Gud, ‘og så skal dei dra ut og tena meg på denne staden.’

8. Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Det same gjorde Isak med Jakob, og Jakob med dei tolv stamfedrane.

9. Fedrane vart misunnelege på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han

10. og berga han ut av all naud. Han gav han visdom og lét han vinna godvilje hos farao, egyptarkongen, og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.

11. Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat.

12. Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit første gongen.

13. Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.

Apostelgjerningane 7