1. På denne tida, då talet på læresveinar stadig auka, tok dei gresktalande til å klaga på dei hebraisktalande fordi deira eigne enkjer vart sette til sides ved den daglege hjelpetenesta.
2. Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer Guds ord for å gjera teneste ved borda.
3. Vel no ut blant dykk, brør, sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.