Apostelgjerningane 5:38-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Og no seier eg dykk: Hald dykk unna desse mennene! Lat dei gå! For dersom dette er menneskevilje og menneskeverk, blir det ingenting av det.

39. Men er det av Gud, kan de ikkje stansa dei. Det kunne visa seg at de strider mot Gud.» Dei følgde rådet hans

40. og kalla apostlane inn att. Dei lét dei piska, forbaud dei å tala i Jesu namn og lét dei så gå.

41. Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var rekna verdige til å lida vanære for Namnet skuld.

Apostelgjerningane 5