10. då skal de alle og heile Israelsfolket vita dette: Når denne mannen står frisk framfor dykk, er det ved namnet til Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde.
11. Han er steinen som vart vraka av dykk bygningsmenn, men som har vorte hjørnestein.
12. Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.»
13. Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei kjende dei att og visste at dei hadde vore i lag med Jesus.
14. Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot.
15. Dei sende dei ut av rådssalen og samrådde seg med kvarandre:
16. «Kva skal vi gjera med desse menneska? Det er klårt at dei har gjort eit under, det er kjent for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta for.
17. Men dette må ikkje koma ut mellom folk. Difor vil vi truga dei, så dei ikkje talar til noko menneske meir i dette namnet.»
18. Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og undervisa i Jesu namn.
19. Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett i Guds auge å lyda dykk meir enn han.
20. Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.»
21. Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, fordi alt folket lova Gud for det som hadde hendt.
22. For den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet, var over førti år.
23. Då dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt.
24. Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle med ein og same hug i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er,
25. du tala ved Den heilage ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia: Kvifor er folkeslag i opprør? Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
26. Kongane på jorda reiser seg, fyrstane slår seg saman mot Herren og den han har salva.
27. Ja, i denne byen slo dei seg sanneleg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva. Både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels folk –
28. alle har dei gjort det som du ved di hand og din vilje hadde fastsett.