Apostelgjerningane 3:3-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Då han fekk auge på Peter og Johannes som var på veg inn, bad han dei òg om ei gåve.

4. Dei såg fast på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»

5. Han så gjorde, for han venta å få noko av dei.

6. Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, det gjev eg deg. I namnet til Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!»

7. Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og anklane.

Apostelgjerningane 3