Apostelgjerningane 28:9-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Etter dette kom òg dei andre som var sjuke der på øya, og dei vart lækte.

10. Dei gjorde stor ære på oss, og då vi drog vidare, skaffa dei oss det vi trong.

11. Då det hadde gått tre månader, segla vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde Tvillingane som skipsmerke.

12. Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar.

Apostelgjerningane 28