Apostelgjerningane 28:25-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Dei gjekk frå kvarandre djupt usamde, men eitt ord fekk Paulus sagt dei: «Det var sant, det som Den heilage ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja:

26. Gå og sei til dette folket: De skal høyra og høyra, men ikkje skilja, sjå og sjå, men ikkje skjøna!

27. For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.

Apostelgjerningane 28