Apostelgjerningane 26:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,

7. den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg.

8. Kvifor blir det rekna som utruleg hos dykk at Gud vekkjer opp døde?

9. Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot nasarearen Jesu namn.

10. Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel. Var det tale om å avretta dei, røysta eg for.

11. Rundt omkring i alle synagogane fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta. Og rasande som eg var, forfølgde eg dei heilt til byar i utlandet.

12. Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og oppdrag frå overprestane.

13. På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit lys frå himmelen, klårare enn sola. Det stråla omkring meg og dei som var i lag med meg.

14. Vi fall alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg? Det blir hardt for deg å stampa mot brodden!’

15. ‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Og Herren svara: ‘Eg er Jesus, han som du forfølgjer.

Apostelgjerningane 26