Apostelgjerningane 26:22-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda:

23. at Messias skulle lida, at han skulle vera den første som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka.»

24. Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg frå forstanden.»

Apostelgjerningane 26