1. Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret:
2. «Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for,
3. sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hos jødane. Difor bed eg deg om å høyra på meg med tolmod.
4. Heilt frå barndomen har eg budd mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar veit korleis livet mitt har vore.
5. Dei kjenner meg frå før, om dei berre vil vitna om det, og veit at eg har levd som farisear og høyrt til den strengaste retninga i religionen vår.
6. Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,
7. den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg.