Apostelgjerningane 25:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.

2. Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hos han med skuldingar mot Paulus. Og dei bad han

3. gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem, for dei ville leggja seg i bakhald og drepa han på vegen.

4. Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle tilbake dit.

5. «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det», sa han, «vera med og leggja fram skuldinga, om det er noko gale med mannen».

6. Han hadde ikkje vore der meir enn åtte–ti dagar, så drog han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i dommarsetet og baud at Paulus skulle førast fram.

Apostelgjerningane 25