Apostelgjerningane 24:20-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Eller så bør dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet.

21. Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet eg ropa ut då eg stod framfor dei: ‘Det er for oppstoda frå dei døde eg står for retten her i dag.’»

22. Feliks hadde god kjennskap til Vegen. Han utsette saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.»

23. Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp.

24. Nokre dagar seinare kom Feliks, i lag med Drusilla, kona si, som var jøde. Han sende bod etter Paulus og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus.

25. Men då han tala om rettferd og sjølvdisiplin og om dommen som skal koma, vart Feliks skremd og sa: «Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.»

26. Feliks gjorde seg òg håp om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han.

27. Så gjekk det to år, og Feliks fekk Porkius Festus til ettermann. Men Feliks ville gjerne vinna velvilje hos jødane og lét Paulus sitja i fengsel.

Apostelgjerningane 24