11. Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe.
12. Og ingen har sett meg diskutera med nokon eller eggja opp folk, verken i tempelet eller i synagogane eller nokon annan stad i byen.
13. Dei kan heller ikkje prova det dei no klagar meg for.
14. Men det vedgår eg: Eg dyrkar våre fedrars Gud gjennom å følgja Vegen, som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane,
15. og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde.
16. Difor legg eg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske.
17. Etter mange år kom eg for å gje ei gåve til dei fattige i folket mitt og for å ofra.
18. Då var det dei fann meg i tempelet, der eg hadde late meg reinsa. Eg samla ikkje folk om meg og laga ikkje uro.
19. Men nokre jødar frå Asia såg meg, og det var dei som burde ha møtt fram for deg og kome med skuldingar, om dei hadde hatt nokon.
20. Eller så bør dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet.
21. Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet eg ropa ut då eg stod framfor dei: ‘Det er for oppstoda frå dei døde eg står for retten her i dag.’»