4. Eg har bunde både kvinner og menn og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfølgt dei som heldt seg til denne Vegen.
5. Det kan eg ta øvstepresten og heile Rådet til vitne på. Dei gav meg brev til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å leggja òg dei som var der, i lenkjer og føra dei til Jerusalem for å få dei straffa.
6. Men då eg var på vegen og nærma meg Damaskus ved middagstid, hende det brått at eit sterkt lys frå himmelen stråla omkring meg.
7. Eg fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?’
8. ‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Han sa til meg: ‘Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfølgjer.’
9. Dei som var med meg, såg lyset, men høyrde ikkje røysta som tala til meg.
10. ‘Kva skal eg gjera, Herre?’ spurde eg. Og Herren svara: ‘Reis deg opp og gå inn i Damaskus! Der skal dei seia deg alt det du er sett til å gjera.’
11. Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av lyset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg inn til Damaskus.
12. Ananias, ein from mann som levde etter lova og hadde godt ord på seg hos alle jødane der,
13. kom til meg og stod framfor meg og sa: ‘Saul, bror, du skal få att synet!’ Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han.
14. Då sa Ananias: ‘Våre fedrars Gud har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den rettferdige og høyra røysta frå hans munn.
15. For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt.
16. Så kvifor nøler du no? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!’
17. Sidan, då eg var komen tilbake til Jerusalem og bad i tempelet, kom eg i ekstase.
18. Eg såg Herren, og han sa til meg: ‘Skund deg! Far bort frå Jerusalem så fort du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.’
19. ‘Herre’, svara eg, ‘dei veit sjølve at eg rundt om i synagogane fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei bli piska.
20. Og då blodet til Stefanus rann, han som var vitnet ditt, stod eg òg der. Eg var samd med dei som drap han, og tok vare på kappene deira.’
21. Då sa Herren til meg: ‘Ta i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt borte.’»