Apostelgjerningane 22:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. «Brør og fedrar! Høyr på det eg no har å seia til mitt forsvar!»

2. Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, vart det endå stillare. Og han heldt fram:

3. «Eg er jøde, fødd i Tarsos i Kilikia, men oppvaksen her i byen. Ved Gamaliels føter har eg fått grundig opplæring i fedrelova, og eg var like brennande for Gud som de alle er det i dag.

4. Eg har bunde både kvinner og menn og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfølgt dei som heldt seg til denne Vegen.

5. Det kan eg ta øvstepresten og heile Rådet til vitne på. Dei gav meg brev til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å leggja òg dei som var der, i lenkjer og føra dei til Jerusalem for å få dei straffa.

6. Men då eg var på vegen og nærma meg Damaskus ved middagstid, hende det brått at eit sterkt lys frå himmelen stråla omkring meg.

Apostelgjerningane 22