Apostelgjerningane 21:9-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10. Som vi no vart verande der nokre dagar, kom det ned frå Judea ein profet som heitte Agabos.

11. Han kom til oss, tok beltet til Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den heilage ande: Den mannen som eig dette beltet, skal jødane i Jerusalem binda slik og gje i hendene på heidningane.»

12. Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte dra opp til Jerusalem.

Apostelgjerningane 21