Apostelgjerningane 21:34-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.

35. Då dei kom til trappa, trengde hopen så hardt på at soldatane måtte bera han,

36. for heile folkemengda følgde etter og skreik: «Bort med han!»

37. Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å seia deg noko?» Han svara: «Kan du gresk?

Apostelgjerningane 21