Apostelgjerningane 20:21-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Eg har vitna for både jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus.

22. Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje.

23. Eg veit berre at Den heilage ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lenkjer og forfølging.

24. Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om, berre eg kan fullføra løpet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.

Apostelgjerningane 20