Apostelgjerningane 2:43-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

43. Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.

44. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

45. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.

46. Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede.

Apostelgjerningane 2