Apostelgjerningane 2:41-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.

42. Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.

43. Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.

44. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

45. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.

Apostelgjerningane 2