18. Mange av dei truande kom og skrifta og fortalde kva dei hadde gjort.
19. Og mange av dei som hadde fare med svartekunster, kom med bøkene sine og brende dei for auga på alle. Dei rekna ut kva bøkene var verde, og kom til at det var 50 000 sølvpengar.
20. Såleis breidde Ordet seg ut og fekk stor framgang ved Herrens makt.
21. Då alt dette var fullført, sette Paulus seg føre å dra gjennom Makedonia og Akaia og heilt til Jerusalem. Og han sa: «Når eg har vore der, må eg reisa til Roma òg.»
22. Så sende han Timoteus og Erastos, to av dei som stod i tenesta saman med han, til Makedonia. Sjølv vart han verande endå ei tid i Asia.
23. På den tida vart det ei stor uro om Vegen.
24. Ein sølvsmed som heitte Demetrios, laga Artemis-tempel av sølv og hjelpte handverkarane til god inntekt.
25. Ein dag kalla han saman både dei og arbeidarane som dreiv med dette, og sa: «Godt folk! De veit at velstanden vår kjem frå dette arbeidet.
26. Men no kan de både sjå og høyra korleis denne Paulus overtalar menneske i store mengder og fører dei vill, ikkje berre her i Efesos, men i mest heile Asia. Han seier at gudar som er laga av menneskehender, ikkje er gudar.
27. Det er fare for at yrket vårt får dårleg ord på seg, men verre er det at tempelet til Artemis, den store gudinna vår, kan bli rekna for ingen ting, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å mista sitt velde.»
28. Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er efesargudinna Artemis!»
29. Uroa breidde seg over heile byen, og alle som ein storma av stad til teateret og drog med seg Gaius og Aristarkos, to makedonarar som hadde følgt Paulus på reisa.
30. Paulus ville gå inn i folkehopen, men læresveinane hindra han.