Apostelgjerningane 18:8-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Synagogeforstandaren Krispus kom til tru på Herren saman med heile huslyden sin, og mange andre korintarar som høyrde Paulus, trudde og vart døypte.

9. Ei natt sa Herren til Paulus i eit syn: «Ver ikkje redd! Du skal ikkje teia, men tala!

10. Eg er med deg, og ingen skal røra deg eller gjera deg noko vondt, for eg har mykje folk i denne byen.»

11. Så vart han buande der i eitt år og seks månader og lærte dei Guds ord.

12. Medan Gallio var guvernør i Akaia, slo jødane seg saman mot Paulus og drog han fram for domstolen.

13. «Denne mannen», sa dei, «lokkar folk til å dyrka Gud på ein måte som er i strid med lova.»

Apostelgjerningane 18