16. Dermed jaga han dei bort frå domstolen.
17. Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor dommarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.
18. Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og segla til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men først klipte han håret i Kenkreæ, for han hadde bunde seg med ein lovnad.
19. Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre. Han gjekk til synagogen og gav seg i samtale med jødane.
20. Dei bad han vera lenger. Han avslo,
21. men då han tok avskil, sa han: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så segla han ut frå Efesos.
22. Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp til Jerusalem og helsa på forsamlinga. Så fór han ned til Antiokia.
23. Der vart han verande ei tid og tok så ut att. Han drog frå stad til stad gjennom Galatia-området og Frygia og styrkte alle læresveinane.
24. Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene.
25. Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen.
26. Han tok til å tala med frimod i synagogen. Der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til Guds veg.
27. Sidan ønskte han å fara over til Akaia, og brørne oppmuntra han til det. Dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei som hadde kome til tru.