Apostelgjerningane 18:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan tok Paulus ut frå Aten og drog til Korint.

2. Der trefte han ein jøde som heitte Akvilas og var fødd i Pontos. Saman med Priskilla, kona si, var han nyleg komen frå Italia, fordi keisar Claudius hadde gjeve påbod om at alle jødar skulle forlata Roma. Paulus tok inn hos dei,

3. og sidan dei dreiv same handverket – dei var teltmakarar – vart han buande der og arbeidde i lag med dei.

4. Men kvar sabbat tala han med folk i synagogen og overtydde både jødar og grekarar.

5. Då Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, vigde Paulus seg heilt til forkynninga og vitna for jødane at Jesus var Messias.

6. Men dei sette seg imot og spotta. Då riste han støvet av kleda sine og sa til dei: «Blodet dykkar skal koma over dykkar eige hovud. Eg er utan skuld. Frå no av går eg til heidningane.»

Apostelgjerningane 18