17. I synagogen hadde han samtalar med jødane og med dei som dyrka Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han møtte.
18. Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Han er visst ein som forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.
19. Så tok dei han med seg og førte han til Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slags ny lære du kjem med?
20. For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.»
21. For verken atenarane sjølve eller utlendingane som bur der, bruker tida si til anna enn å fortelja og spørja nytt.
22. Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:«Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse.
23. For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk.
24. Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,
25. og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle.
26. Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira.