Apostelgjerningane 16:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Han kom òg til Derbe og Lystra. Der var det ein læresvein som heitte Timoteus. Han var son til ei truande jødisk kvinne, og faren var grekar.

2. Dei syskena som var i Lystra og Ikonium, hadde berre godt å seia om han.

3. Han ville Paulus ha med seg på ferda, og han tok og omskar han av omsyn til jødane som budde i dei traktene, for alle visste at far hans var grekar.

4. Som dei drog frå by til by, overleverte dei forskriftene som apostlane og dei eldste i Jerusalem hadde vedteke, med påbod om å retta seg etter dei.

Apostelgjerningane 16