Apostelgjerningane 15:31-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Dei las det opp og vart glade for den trøysta det gav.

32. Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala lenge til syskena der og sette mot i dei og styrkte dei.

33. Då dei hadde vore der ei tid, lét syskena dei fara heim att til dei som hadde sendt dei, med ønske om fred.

34. {{Men Silas ville vera att.}}

35. Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og underviste og forkynte Herrens ord saman med mange andre.

Apostelgjerningane 15