Apostelgjerningane 15:3-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Forsamlinga sende dei av stad, og dei drog gjennom Fønikia og Samaria. Til stor glede for alle dei syskena som var der, fortalde dei korleis heidningane hadde vendt om.

4. Då dei kom fram til Jerusalem, vart dei mottekne av forsamlinga, apostlane og dei eldste, og dei fortalde om kor store ting Gud hadde gjort gjennom dei.

5. Då reiste det seg nokre frå farisearflokken som hadde kome til trua, og sa: «Dei må omskjerast og påleggjast å halda Moselova.»

6. Apostlane og dei eldste kom då saman for å drøfta denne saka.

7. Det vart eit hardt ordskifte. Då reiste Peter seg og sa til dei: «Brør, de veit at Gud for lenge sidan valde ut meg mellom dykk; han ville at heidningane skulle få høyra evangelieordet av min munn og koma til tru.

8. Og Gud, som kjenner alle hjarte, vitna for dei då dei fekk Den heilage ande liksom vi.

9. Han gjorde ingen forskjell på oss og dei, for ved trua reinsa han hjarta deira.

10. Kvifor vil de då utfordra Gud og leggja på nakken til læresveinane eit åk som verken fedrane våre eller vi var i stand til å bera?

11. Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi blir frelste, vi liksom dei.»

12. Då vart heile flokken stille, og dei høyrde Barnabas og Paulus fortelja om alle dei teikn og under som Gud gjennom dei hadde gjort blant heidningane.

13. Då dei var ferdige med å tala, tok Jakob til orde og sa: «Brør, høyr på meg!

14. Simeon har gjort det klårt korleis Gud frå først av sørgde for å vinna seg eit folk av heidningar for sitt namn.

15. Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står:

Apostelgjerningane 15