27. Så sender vi Judas og Silas. Dei skal munnleg bera fram det same.
28. For Den heilage ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk noka anna bør enn dette som er nødvendig:
29. at de held dykk frå kjøt ofra til avgudar, frå blod, frå kjøt av kvelte dyr og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!»
30. Utsendingane drog ned til Antiokia. Der samla dei alle og gav dei brevet.
31. Dei las det opp og vart glade for den trøysta det gav.
32. Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala lenge til syskena der og sette mot i dei og styrkte dei.
33. Då dei hadde vore der ei tid, lét syskena dei fara heim att til dei som hadde sendt dei, med ønske om fred.
34. {{Men Silas ville vera att.}}
35. Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og underviste og forkynte Herrens ord saman med mange andre.
36. Etter ei tid sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja våre sysken i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.»
37. Barnabas ville òg ta med Johannes, han som dei kalla Markus.
38. Men Paulus fann det ikkje rett å ta han med, han som hadde skilt lag med dei i Pamfylia og ikkje hadde følgt dei i arbeidet deira.
39. Det vart ein så bitter strid mellom dei at dei skilde lag. Barnabas tok Markus med seg og segla til Kypros.
40. Men Paulus valde å ta med Silas, og då brørne hadde gjeve han over til Herrens nåde, drog han av stad.
41. Han la vegen gjennom Syria og Kilikia og styrkte forsamlingane der.