Apostelgjerningane 15:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Nei, det er ved Herren Jesu nåde vi trur at vi blir frelste, vi liksom dei.»

12. Då vart heile flokken stille, og dei høyrde Barnabas og Paulus fortelja om alle dei teikn og under som Gud gjennom dei hadde gjort blant heidningane.

13. Då dei var ferdige med å tala, tok Jakob til orde og sa: «Brør, høyr på meg!

14. Simeon har gjort det klårt korleis Gud frå først av sørgde for å vinna seg eit folk av heidningar for sitt namn.

15. Og dette er i samsvar med det profetane har sagt, som skrive står:

16. Sidan vil eg koma att og gjenreisa Davids falne hytte. Det nedrivne byggjer eg opp; eg reiser det på nytt,

17. så dei andre menneska kan søkja Herren, alle folkeslaga som namnet mitt er nemnt over. Så seier Herren, som gjer dette

18. kjent frå æve av.

19. Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud.

20. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er smitta av avgudsdyrking, og frå hor, frå kjøt av kvelte dyr og frå blod.

21. For Moses har frå gammalt av hatt nokon som forkynner han i alle byar; kvar sabbat blir han opplesen i synagogane.»

22. Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile forsamlinga, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas, begge leiarar mellom brørne.

Apostelgjerningane 15