Apostelgjerningane 13:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogane. Dei hadde Johannes som medhjelpar.

6. Dei reiste over heile øya og kom til Pafos. Der støytte dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus.

7. Han heldt til hos guvernøren Sergius Paulus, som var ein forstandig mann. Han bad Barnabas og Saulus til seg og ville høyra Guds ord.

8. Men Elymas – trollmannen, som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få guvernøren bort frå trua.

9. Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga

10. og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete?

11. Sjå, no legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda fall det skodde og mørker over han, og han famla rundt og leita etter nokon som kunne leia han.

Apostelgjerningane 13