Apostelgjerningane 13:42-52 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg.

43. Og då forsamlinga løyste seg opp, var det mange som følgde dei, både jødar og gudfryktige proselyttar. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjartet at dei måtte halda fast ved Guds nåde.

44. Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Herrens ord.

45. Men då jødane såg alt folket, vart dei brennande harme. Dei spotta og sa imot det Paulus forkynte.

46. Då svara Paulus og Barnabas med frimod: «Det var nødvendig at Guds ord først vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane.

47. For dette er Herrens bod til oss: Eg har gjort deg til eit lys for folkeslag, så du skal bera frelse til enden av verda.»

48. Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var bestemte til evig liv.

49. Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet.

50. Men jødane øste opp dei gudfryktige kvinnene av høg byrd og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfølging av Paulus og Barnabas, og dei vart jaga bort frå området.

51. Då riste dei støvet av føtene mot forfølgjarane og fór til Ikonium.

52. Men læresveinane vart fylte av glede og av Den heilage ande.

Apostelgjerningane 13