34. Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil la dykk få lovnadene til David, dei som står fast.
35. Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage sjå forròtning.
36. David var i si levetid ein tenar for Guds plan. Så døydde han og vart sameina med fedrane sine, og han såg forròtning.
37. Men han som Gud reiste opp, såg ikkje forròtning.
38. Så skal de då vita, brør, at ved han blir det forkynt dykk tilgjeving for syndene. Alt det som de ikkje kunne bli frikjende for ved Moselova,
39. det blir kvar den som trur, frikjend for ved han.
40. Ta dykk i vare så ikkje det som er sagt av profetane, skal koma over dykk:
41. Sjå, de som er fulle av forakt, de skal undra dykk og bli til inkjes. For eit verk gjer eg i dykkar dagar, eit verk som de ikkje ville tru om det vart dykk fortalt.»
42. Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg.
43. Og då forsamlinga løyste seg opp, var det mange som følgde dei, både jødar og gudfryktige proselyttar. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjartet at dei måtte halda fast ved Guds nåde.
44. Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Herrens ord.
45. Men då jødane såg alt folket, vart dei brennande harme. Dei spotta og sa imot det Paulus forkynte.
46. Då svara Paulus og Barnabas med frimod: «Det var nødvendig at Guds ord først vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane.