28. Sjølv om dei ikkje fann noko som dei kunne dømma han til døden for, kravde dei at Pilatus skulle drepa han.
29. Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå treet og la han i ei grav.
30. Men Gud reiste han opp frå dei døde,
31. og i mange dagar synte han seg for dei som hadde gått saman med han frå Galilea og opp til Jerusalem, desse som no er hans vitne for folket.
32. Og no kjem vi til dykk med den gode bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre,
33. den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen: Du er Son min, eg har fødd deg i dag.
34. Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil la dykk få lovnadene til David, dei som står fast.
35. Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage sjå forròtning.
36. David var i si levetid ein tenar for Guds plan. Så døydde han og vart sameina med fedrane sine, og han såg forròtning.
37. Men han som Gud reiste opp, såg ikkje forròtning.
38. Så skal de då vita, brør, at ved han blir det forkynt dykk tilgjeving for syndene. Alt det som de ikkje kunne bli frikjende for ved Moselova,
39. det blir kvar den som trur, frikjend for ved han.
40. Ta dykk i vare så ikkje det som er sagt av profetane, skal koma over dykk:
41. Sjå, de som er fulle av forakt, de skal undra dykk og bli til inkjes. For eit verk gjer eg i dykkar dagar, eit verk som de ikkje ville tru om det vart dykk fortalt.»
42. Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg.
43. Og då forsamlinga løyste seg opp, var det mange som følgde dei, både jødar og gudfryktige proselyttar. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjartet at dei måtte halda fast ved Guds nåde.
44. Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Herrens ord.